Nye bilder

Mellom bakkar og berg...

Godt bygdafolk syng for Dagmar. Go Oldedalen!!!

Mellom bakkar og berg..

Dagmar på besøk i dalen..

Kan vel sei det slek at Dagmar tok godt føre seg opp i dalen. Eg har ikkje vore rundt og sett over alt, men heldigvis e’kje det skade på folk og fe. Et par ferske bilete frå Olden – Oldedalen…

Solheim

Etterlysing...

Hallo godtfolk i Oldedalen og nærliggande sokn. Eg syner til ei noko dramatisk overskrift av den enkle grunn at no står eg i beit for løysingar. Ingen er bortkomen eller på annan måte ikkje der dei skal være, men eg er altså på ei autofil jakt som med tradisjonelle metodar har synt seg resultatlaus.

Eg søker i utgangspunktet ein delebil av typen Datsun 720 pickup. For nokon også kjent som Nissan KingCab. Rust og skråmer, skilt eller ikkje har inga betydning då det er drivverk som er det viktige, fortrinnsvis ei girkasse til diesel. Om ein sit på annan pickup av japansk opphav frå tida opptil 1985 er det av interesse so lenge den startar. Synfaring og henting vert ordna, og sjølvsagt kontant i neven.

Juletrehogst i Oldedalen

Ein liten videosnutt frå juletrehogsten uti Krekja – det er kjekt å hogge sitt eige juletre :)

http://www.youtube.com/watch?hl=no&hd=1&v=B7u5tSYOJV8

Skrivekurs

Sogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid.

Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro!

Oldedalen på Lonely Planet

Vi oppdaga at Oldedalen prydar framsida på sjølvaste Lonely Planet-guiden for heile Noreg! DET er jo ganske kult :)

Årets sommarutstilling på Gryta - SILD av Dag Indrebø

Dag Indrebø frå Oldedalen har portrettert sjølvfiska sild i friske fargar – og resultatet finn du på Gryta Camping i Oldedalen i heile sommar! Sild i alle mogleg vinklar, variasjonar og med dei merkelegaste assosiasjonar.

Søndag 6. juni kl 19.00 blir det offisiell opning av SILD – sjølvsagt med både sursild og saltsild attåt. Klokka 20.00 samme kveld held superduoen Frøholm/ Tillung konsert med gneistrande frisk vestlandsmusikk.

Flotte bilder av vår flotte dal!

Eit nytt år i Oldedalen

Oldedalen sin lokale fimmakar Dag Indrebø har lagt ut denne filmen på youtube, der vi kan sjå Jakob Åberg ringe inn eit nytt år

Følg lenkja her: Kyrkjeklokkene i Oldedalen ringjer nyåret inn

Romjulsnytt frå dalen

Ei lita oppdatering om smått og stort som skjer i Oldedalen i desse juletider. Vi tok ein køyretur opp gjennom dalen for å sjå korleis det står til.

Nedforbi Søndsbruna ligge isen heilt ned til Laukji. På Sandnes ha dei til og med laga skeisebane. Men ovafor brua vil ikkje isen legge seg, akkurat slik skikken tilseier.

Julegrantenning i Oldedalsfjella

Like sikkert som at det vert jul, vert også julegrana i Høgalmemarkja tent rett før jula melder sin ankomst. Det har blitt ein årleg tradisjon med “fest” i Høgalmemarkja når den store dagen er komen. Barnas turlag er faste gjester. Fastbuande og feriefolk i Oldedalen stiller villeg opp for tenning av julegrana.

Utsikt mot Oldevatnet frå vegen opp til grana

Har du ei sak til denne sida?

Eg håper fleire etterkvart kan bidre med ei sak, gamle eller nye bilete osv. Slik at det vert litt meir “fart” i sida vår!! Dei som er innom dalen i ny og ne kan gjerne gje ei lita oppdatering til oss som sit i byn å lengtar!

Håpar DU har lyst å skrive noko! Det er veldig enkelt, trykk “nytt innlegg” på ope forum, og vips så går resten av seg sjølv!!!

"Dalen rundt" -Alle sætrane i Oldedalen på ein dag

I mange år har Anne Jorun Myklebust og underteikna (Marianne Kvame) fabulert og fantasert om å gjennomføre turen som etterkvart fekk namnet “dalen rundt”. Draumen var å gå på alle sætrane i Oldedalen (minus Gytri) på ein og samme dag. Etter ein trimtur på Rustøysætra vart datoen sett til 15 august 2009. Med oss var vi så heldige å få reisefølget Bjarte L. Hauge (Oldedals-fan frå Sandane) og Geirmund Kvamme, ein sprek og ikkje minst ekte fjell entusiast som har gått på dei fleste stiar i Oldedalen oppgjennom åra.

Turen starta på morgonkvisten, og tåka hang i fjella. Men litt ruskevèr hindra oss sjølvsagt ikkje!

Den o'store styrkeprøven

Oldedalen.origo.com følger spent dei spreke fjellgeitene som i dag har som mål å besøke alle sætran i Oldedalen før dag går mot natt. Følget består av Marianne Kvame, Anne Jorun Myklebust, Bjarte Lofnes Haug og Geirmund Kvamme.

Underteikna fekk klokka 15:30 eit kort referat frå turen så langt. Dei starta i dag tidleg med å besøke Uttaforsætra på Kvame. Turen gjekk så over elva til Innaforsætra. Dei gjekk skogen innover dalen via Tua til Jakobsbu, Sandholtane og vidare der i frå til Brenndalen. Neste stop var Myklebustsætra og deretter sto Høgalmesætra for tur. Dei forserte Rustøyelva i sætrehøgde og kom seg ut til Rustøysætra, der dei befinn seg i skrivande stund. Akkurat denne delen av turen var dei skeptiske til, då mange hadde gitt dei bekjed om at dei nok måtte langt bak i dalen for å klare å kome seg over elva. Men ifølge Marianne balanserte dei elegant over på en pinne.

Litt oppsummering frå sumaren i Oldedalen

Nok ein sumar er på hell og i Oldedalen har mykje vore slik det alltid er sommars tid, men nokre saker har også vore utanom det vanlege. Her kjem ei lita oppsummering i bilete

Vegane er smale, det er uforanderleg, men alle campingbilane som ligg midt i vegen i 40 km/t er eit velkjent sumarfenomen, Det er nesten slik at det høyrer sumaren til å berekne dobbel tid når ein skal ut å køyre.

Olsokgudsteneste i gamle Olden kyrkje.

Olden gamle kyrkje

Sist søndag var vi ein gjeng jølstringar på tur til Olden for å fotografere dei to kyrkjene. Gamlekyrkja som er 250 år i år, er noko av det mest særmerkte som finst når det gjeld kyrkjer her i distriktet, og såleis eit ypparleg fotomotiv, både ute og inne.

Det store kakemysteriet...

Sidan søndsagsmorgon er det ein ting som har opptatt bygdefolket i Oldedalen; “Kven tjuvstarta på kakene som sto i kjøleskåpa på festivalområdet på Myklebust?”

Det var tidleg søndagsmorgon representantar frå Bygdekvinnelaget fekk seg ein stor overraskelse. I løpet av natta hadde det vore frekke tjuvar på ferde og smakt på kakene som skulle selgast på kafeen under Døladagane søndag.

Gamle bilete frå Olden/Oldedalen.

Tidleg 1900-tal. Handkolorert

Her ein dag fekk eg låne eit album med gamle postkort av ei dame på Skei som samlar på slike kort. I dette albumet var det også ein del kort frå Olden/Oldedalen. Vi har også nokre heime sidan eg bur i lag med ei frå Olden.

Kalvedans og annan dans..

Kom over denne oppskrifta på nettet, så no treng de ikkje lengre lure på kva de skal ha til middag. Alltid kjekt med gamle tradisjonar…enjoy!

KALVEDANS FRÅ OLDEDALEN OG STRENDENE (Matoppskrifter frå indre Nordfjord)

17. mai feiring!

Sundag var det duka for ein ny, heidundrandes, men tradisjonell 17. mai feiring i Oldedalen. Solveig leia oss galant gjennom syttande mai programmet der barneskulen og blandakoret song vene mai-songar,Ingrid Marie las lagsbladet og vi fekk heire 17. mai tale frå ein oldar. Etterpå var det betasuppe(ja, betasuppe, ikkje påsmurte rundstykke!) og kaffe til alle mann. Etter maten var leikane i gong. Vi snakkar tospannløp, straffespark-konkurranse og sjølvsagt 60 meter`n! Etter dette var det tid for tog! Det må seiast at nokre (inkludert meg sjølv) ropte høgare enn andre. Neste år bygdafolk, då løte de ta dykk saman! Men det var alt i alt god stemning!

Elles vart det gjennomført ein ny vri på 17. mai fotballen!

Bryllaup i Briksdalen

DSCF4263

Så var festen over, og den varte i heile fire dagar. Både lokale og tilreisande gjester har storkosa seg i Oldedalen/Briksdalen på tross av store mengde nedbør. Tur til breen, grilling og sosialtsamvære i aktivitetsparken og ein flott bryllaupsfest i Briksdalen var noke av det vi fekk med oss denne helga. Ann-Torill og Roy blei vigsla i Olden gamlekyrkje, og det var ein flott og gripande sermoni.

Kveldstur til Utaforsætra på Kvame

06.05.2009

Ein kveldstur på Kvamssætra er ei super oppleving på våren. Vårblomane tittar fram, fuglane synge og graset er ikkje altfor langt. Trass ustabilt vær tok vi turen opp! Vel oppe nytte vi ein kopp kaffi, ein medbrakt godbit og utsikta over ein vårgrønn dal. Nydeleg!

Den nye stubben av Oldedalsvegen snart i boks!!

Mai 09 301

Onsdag 06.05 ser det ut som om den nye vegstubben mellom Svinvikja og Aksnes straks e i boks! trommelen va ute å trommla, og gravemaskine og lastebila susa ivrig fram å tebake..

Oldedalen

Følgt av 37 medlemmar.

Kjære sambygdingar,

Då er vi på nett med ei flott heimeside om Oldedalen. Vi håpar de er aktive og postar det de har på hjartet av bilder, nyhende, sladder og agurknytt frå Oldedalen. Kanskje blir ikkje saknet så stort når vi kan logge oss på å sjå vakre bilder og lese siste nytt uansett kvar i verda vi befinn oss… Meir om sona

Origo Oldedalen er ei sone på Origo. Les meir
Annonse